Travel Blogs by Travellerspoint

Fortsatt sol i Puerto Escondido

Er fortsatt i Puerto Escondido. Det vil seie sol, bading og alt som hoyrer med. Er ikkje so mykje anna som skjer her...

Reiser tilbake til Mexico City om kvelden den 11 for eit par dagar med shopping der foer me set oss paa flyet tilbake til Noreg. Sakna faktisk kuldegrader i dag tidleg naar eg vakna opp klissvaat av sveitte, 34 grader paa soverommet blir litt i meste laget for meg.

Adios

Posted by kobukve 17:53 Comments (0)

Email this entryFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

Godt nytt aar!

Blei nyttaarsfeiring med ei sproyte i rompeballen og masse fargerike piller paa Mr. Bukve etter aa ha faatt ein eller anna infeksjon, ikkje heilt godt aa sei kva det var fordi legen var ikkje heilt i verdensklasse naar det gjaldt engelskkunnskapar... Men det virka!

Har det bra!

Posted by kobukve 17:52 Comments (0)

Email this entryFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

Puerto Escondido

Tok bussen fraa Oaxaca til Puerto Escondido, 210 km, brukte nesten 9 timar, ikkje saerskilt hoeg snittfart med andre ord. Vegen var delvis kjerreveg, der det var rettstrekk hadde dei smelt opp minst eit par sikkelige fartsdumpar. I ein jallabuss som skulle ha skifta stoetdemparar for ein mannsalder sidan, blei det rikelig med gynging med tanke paa at foer bussen hadde slutta aa gynge fraa den eine fartsdumpen var me komme til ein ny...

I dag har me vore aa snorla, masse fargerike fiskar a la Finding Nemo. I gaar var det bodyboarding.

I morgon har me avtale om surfing og muligens ein tur ut for aa sja paa delfinar, skilpadder og kvalar. Turen som var ute i dag hadde sett over 1000 delfinar og vore redde for at dei skulle hoppe opp i baaten...

I morgon blir det nyttaarsfest her paa hostellet, dei dei ulike nasjonane skal lage ein representativ matrett fraa sitt land, lura paa om me faar tak i smalahove og rakfisk paa supermarknaden her...

Fekk dessverre ikkje lasta opp nokon bilder, intenettet er litt tregare enn heime...

Adios!

Posted by kobukve 13:55 Comments (0)

Email this entryFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

Me er fortsatt levende...

dersom nokon skulle lure paa det etter aa ha lest vg-nett...
(no treng de ikkje vera redde for oss mamma og pappa)

Posted by kobukve 16:52 Comments (0)

Email this entryFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

Oaxaca

I natt tok me bussen fraa Mexico City til den litt meir koselige og fredlige Oaxaca. Opproeret som har vore her tidligare i aar er over og dei slepp igjen turistar inn i byen. Skal vaere heilt trygt seier dei...

Bussturen var noko for seg sjolv, fyren koyrde som ein gal, til og meg eg var ein smule redd der eg sat aa halvsov...
Kvar gang me kom til "forbikoyring forbode" la han seg ut i motsatt felt og peisa forbi det som maatte vaere der. Trur han tenkte at no er det forbikoyring forbode og dei som kjem i motsatt retning kjoyrer nok ikkje fordi, saa viss det kjem nokon klarar me alltids aa presse inn tre i breidda!

I dag vart me utfordra til aa smake rista grashopper paa den lokale marknaden, den toffaste av oss (knut) smakte og kunne konstatere at baconsnaks med chillisaus var hakket bedre. Dei har forresten chillisaus paa ALT her, f.eks popkorn med chillisaus...

No er planen aa vaere her eit par dagar foer me set kursen mot surfing og bading i Puerto Escondito.

Skal proeve aa legge ut nokon bilder no.

Adios so lenge!

Posted by kobukve 15:09 Comments (0)

Email this entryFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

(Entries 1 - 5 of 8) Page [1] 2 » Next